VTB når nynorsk-ungdom på Snapchat

Ein liten del av Vest-Telemark blad redaksjonen på den fyrste Snapchat-dagen i mars

Telemark Online deltakar Vest-Telemark Blad snappar med ungdom på nynorsk.

Vest-Telemark Blad har, i samarbeid med Sense Kommunikasjon, starta opp snapchatkontoen VTBsnap for å nå nynorsk-ungdom på Snapchat etter å ha vore med i Telemark Online.

"

- Me har så langt starta opp snapchatkontoen vår VTBsnap, der me legg ut nyheiter frå papiravisa tre dagar i veka, seier journalist Line Omland Eilevstjønn i Vest-Telemark Blad

"

Prosjektleiar Randi Berdal Hagen (t.v.), Snapchat-journalist Line Omland Eilevstjønn og redaktør Øystein Øygarden:

- I tillegg snappar me litt når forskjellige ting skjer i dei forskjellige kommunane. Me vil prøve å få til meir «live-rapportering» på Snap når me er ute som vanlege journalistar, utfyller Line i VTB.

Avisa til ungdommen via sosialt medium

I fjor haust hadde Vest-Telemark Blad ein idé om å prøve å nå ungdommen (15-30) via eit sosialt medium som er veldig populært i denne aldersgruppa. Snapchat er no det  nest største sosiale mediumet i Noreg, og det blei difor tydeleg at dette var ein fin stad å starte.

Nynorsk på nye platformer

Etter å ha sendt søknad til Vinjefondet fekk Vest-Telemark blad nesten ein halv million kroner i støtte til prosjektet. Det var eit fint utgangspunkt for å tilsetje ein ung journalist i ei stilling for å drifte kontoen. Dei lika godt ideen om å gje ungdommen i Vest-Telemark nynorsk på nye plattformer. På Snapchat er det stort sett bokmål, dialekt eller engelsk det går i, og det kunne vere fint å minne dei unge vesttelane på hovudmålet sitt og identiteten det bringer med seg.

"

-  Det me håpar å oppnå med Snapchat er å skape eit band til dei unge, seier Line i Vest-Telemark Blad.

"

Lar ungdommane følgje med på heimtraktene.

-Dei som kanskje ikkje les papiravisa eller tenker så mykje over at me finst på nett. Det er rett og slett litt merkevarebygging som skal skje dette året. I tillegg prøvar me å halde kontakten med dei utflytte ungdommane, som det er mange av. Det er viktig å la dei følgje med på kva som skjer i heimtraktene, utfyller Line.

"

-  Me har merka at det blir litt fleire følgjarar på Snapchat når me postar innsendte snappar i papiravisa, samt når me postar dei på Facebook. Elles går det mykje i jungeltelegrafen, utfyller Line i VTB.

"
"

-  Vi prøvar å ta ungdomen på alvor, sjølvsagt fortener også dei unge å få god nynorsk på dei arenaene dei er, seier prosjektleiar Randi Berdal Hagen i Vest-Telemark Blad.

"

Snap i lokalavisa

Vest-Telemark blad får stadig snappar frå følgjarane, og screenshottar alle saman.

"

- Det har vore veldig moro å ha eit så enkelt og nært band til vesttelane våre. Me trur også at ved å poste dei på Facebook eller i papiravisa så gjev me folk ein sjanse til å vise kva dei driv med der ute, og det er det mange som likar godt, smiler Line.

"

Vest-Telemark blad i digitale medium

Snapchat-journalist Line Omland Eilevstjønn

Strategi med sosialt byrå

Lokalavisa i Vest-Telemark har ikkje dei største musklane til ei gigantisk digital satsing, men har likevel prøva å fylgje med på utviklinga. Siste året har VTB vore med i prosjektet Telemark Online, som skal bidra til å skape vekst gjennom det å vera meir synleg digitalt, seier prosjektleiar Randi Berdal Hagen i Vest-Telemark Blad.

Følgjarar frå og til lokalavisa

Gjennom Telemark Online har avisa kome i kontakt med Sense Kommunikasjon i Skien, eit rådgjevingsselskap som arbeider med digital synlegheit og merkevarebygging i sosiale medium. Dei vil vera med vidare i prosjektet som rådgjvarar og støttespelarar både i planlegging og opplæring, fortsette Randi i Vest-Telemark Blad.

Strategien vår er stadig i utvikling, med god starthjelp frå Sense Kommunikasjon til dette. Så langt har me hatt ein påskekonkurranse for å skaffe fleire følgjarar. Elles har me bruka Facebook, Instagram og sjølve papiravisa for å spreie ordet. Me nærmar oss 1000 følgjarar no, så det er me fornøgde med, utfyller Line.

"

-   Me har samarbeidd godt med Sense Kommunikasjon, som har god peiling på det me driv med. Det har vore fint i startgropa, seier Line i Vest-Telemark Blad.

"

- VTB vet hvordan kanalen virker og skal brukes

- Vårt samarbeid med VTB har vært en glede, at de tok vår idé / strategi, og fikk satt den ut i live er gøy å se. Alle bør følge VTB på Snapchat, Line er en meget dyktig person som vet hvordan kanalen virker og skal brukes, roser Håkon Andersen, daglig leder i Sense Kommunikasjon.

"

-  At en liten lokalavis som VTB tar ungdom og nye medier på alvor, gleder oss i Sense Kommunikasjon, sier Håkon Andersen.

"

VTBsnap Vest-Telemark blad på Snapchat

Tre tips til dei som ynskjer fornya seg digitalt

  1. Berre prøv! Ein treng ikkje nødvendigvis så mykje pengar for å få det til. Å ta med seg ein telefon på arbeid og snappe litt er lettare enn ein skulle tru!
  2. Tenk enkelt. Det er ikkje nokon vits i å satse så stort med ein gong. Enkle gratistenester er meir enn bra nok.
  3. Snakk med dei du prøvar å nå! Lag ei fokusgruppe med folk i målgruppa, og be om tilbakemeldingar stadig vekk. Det er viktig å vite at ein treff målgruppa :)

Faktaboks:

VTBsnap

I haust fekk VTB 470 000 kroner i støtte frå Vinjefondet for å utvikle og gjennomføre prosjektet «Hæ? VTB på Snapchat? Nynorsk på nye plattformer». Vinjefondet blir forvalta av Nynorsk kultursentrum på vegne avKulturdepartementet.

Snapchat

Snapchat er ein app for mobilar som ein nyttar til deling av foto og video i opp til 10 sekundar. Applikasjonens viktigaste målgruppe er unge mellom 13 og 23 år, men stadig fleire vaksne brukar også mediet.

Kilder:

VTB.no, 13. oktober 2015 «Hæ? VTB på Snapchat?» av Audny Barstad.
VTB.no, 1. mars 2016 «VTB er på Snapchat» av Randi Berdal Hagen.
Medier24.com, 13. oktober 2015 «Skal nå ungdom fra 15 til 30 som ikke leser papiravisa» av Gard L. Michalsen.
Framtida.no, 21. oktober 2015 «Vest-Telemark Blad får 470.000 kroner for å bruka Snapchat» av Andrea Rygg Nøttveit 

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishCookies - Logg inn